Kva treng di næring i framtida?
Vi sorterer framtidige kompetansebehov, og er svært takksam for alle innspel vi får frå blå næring
Vi treng innspel frå næringa
Det hender at vi inviterer blå næring til vårt pop-uparrangement, Havbrisen. Her spør vi aktuelle spørsmål frå våre gjestar, for å kartlegge framtidige kompetansebehov i næringa. Over eit glass og ein lett lunsj vert utfordringar med kompetanse, og spådomar rundt komande behov diskutert og notert gruppevis. Vi samlar saman innspel, vi sorterer desse, og sender dei vidare til rette instansar som kan sette i gang tiltak for å møte behova som vert meldt inn.
Her er i tillegg eit skjema for dei som ikke kan delta på Havbrisen. Her kan du fritt gje innspel året rundt. Gå gjerne inn her og send inn så snart du kjem over ei utfordring, og kanskje vi kan løyse utfordringa saman?
Takkar på førehand