Forsida → Utdanning

Karriere og utdanning i Vestland

73005973_1428581960626929_4842401770258825216_o.jpg

Eit hav av moglegheiter

Maritim næring i Vestland kan by på mange spanande arbeidsplassar. Eit maritimt utdannings - og karriereval opnar mange dører i framtida.

Moglegheitene er mange om du vil jobbe med havnæring og sjømat i Vestland. Tenk over om du ynskjer å jobbe ved merdkanten eller på kontoret, og sjå under kva skuler og organisasjonar som kan hjelpe deg på vegen dit.

Austevoll vidaregåande skule

Visjonen til Austevoll vidaregåande skule er at alle som får utdanning si der skal utmerke seg ved at dei har fått ”noko ekstra”. I tillegg til å bli flinke og dugande i faga og yrket de har valt, så skal de også få det ekstra som danning og kultur tilfører.

Mottoet er ”Stø kurs mot nye horisontar” og er ein god leveregel for alle som er på veg mot noko ein ikkje veit heilt kva er. For kva ligg framfor unge som utdannar seg i dag? I ei verd som er i endring med teknologi og samfunn som utviklar seg fort? Ingen veit sikkert. Då er det viktig og heilt naudsynt å halde ein stø kurs framover og å alltid vere open i høve til ny kunnskap, ny lærdom; for å kunne møte den nye og spanande framtida godt førebudd.

Og dette er det alle tilsette ved skulen har som oppgåve: å hjelpe alle elevar og alle studentar til å sette seg mål og å arbeide målretta for å nå desse. Me skal støtte og hjelpe og me skal aldri gje opp!

Naturbruk

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter to år på skule, og deretter ta fagbrev. Du kan òg gå vidare på VG3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Me tilbyr:

  • VG1 Naturbruk

  • VG2 Akvakultur

  • VG2 Fisk og fangst

Les meir om naturbruk på vilbli.no.

Teknologi og industrifag

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter to år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Me tilbyr:

  • VG1 Teknikk og industriell produksjon

  • VG2 Maritime fag

Les meir om teknologi og industrifag på vilbli.no.

Fagskulen i Vestland, avd. Austevoll

Fagskulen har tilbod om Dekksoffiserstudie og studiet Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur. På studiestad Austevoll har vi topp moderne navigasjonssimulatorar og lokaler for undervisning som er godt tilrettelagt for læring til både heiltid- og nettstudentar.

Studiestad Austevoll er sertifisert som «maritimt akademi» av Det norske Veritas og har godkjenning av NOKUT.

Dekksoffiser
Studiet er på 120 studiepoeng, og er ei fulltidsutdanning over 2 år. Bestått eksamen frå utdanning dekksoffiser gir deg nødvendig kunnskap til å løyse sertifikat som styrmann/kaptein, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som blir kravd for å løyse sertifikat.

Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse
Arbeider du som fagarbeidar ved eit oppdrettsanlegg i sjø eller på land er denne utdanninga aktuell for deg. Utdanninga har fokus på vannkjemi, mikrobiologi, fiskebiologi og fiskehelse og skal gje studentane grunnleggjande forståing for kjemiske, fysiske og biologiske prosessar som er relevant for havbruksnæringa.

Studiet er på 30 studiepoeng, som svarar til eit halvt år på fulltid. Fagskulen Vestland tilbyr utdanninga som eit nettbasert studium med samlingar over eitt år ved studiestaden Austevoll.sertifikat.

Måløy vidaregåande skule

Måløy vidaregåande skule er ein mangfaldig og framtidsretta skule. Her kan du velje mellom fleire ulike yrkesfag, studiespesialisering og TAF/YSK. Skulen er den einaste vidaregåande skulen i nordre del av Vestland som tilbyr maritime fag.

Her finn du utdanningstilboda til skulen i Måløy.

Bømlo vidaregåande skule

Bømlo vgs er ein moderne og framtidsretta skule med eit variert fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, samt undervisning i kombiklasse og i tilrettelagte grupper. Bømlo vgs er skulen som set trivsel og læring i høgsetet. Slagordet vårt er: Trivsel og læring hand i hand!

Her finn du utdanningstilboda til skulen i Måløy.

Laksevåg og Bergen Maritime vidaregåande skule

Laksevåg og Bergen maritime vgs ligg på Nygårdstangen i Bergen sentrum, sentralt plassert rett ved busstasjon, jernbanestasjon og bybane. Skulen tilbyr vidaregåande utdanning innan yrkesfaga elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsteknikk. Gjennom teoretisk opplæring og relevant praksis kvalifiserer utdanninga til jobbar innan mange ulike fagområde.

Her finn du utdanningstilboda til skulen i Bergen.

Læreplass, Austevoll Opplæringskontor

Austevoll opplæringskontor er eit fleirfagleg opplæringskontor og bindeledd mellom skule, næringsliv og det offentlege. Målet er å gi dei unge som søkjer til våre bransjer dei beste moglegheitene for ei god opplæring, slik at dei blir dyktige fagarbeidarar og positive medarbeidarar.

Opplæringskontoret tilbyr læreplass ved eit stort tal bedrifter blant anna innanfor desse bransjane:

  • Maritim elektrikar

  • Akvakultur

  • Fiske og fangst

  • Matros

  • Motormann

  • Motormekanikar

Les meir om tilbodet til Austevoll opplæringskontor på vilbli.no.