Om oss

Blått kompetansesenter vest er eit samarbeid mellom den verdsleiande fiskeri- og havbruksklynga i Austevoll, verdas fremste havforskingsinstitutt, Norges største fiskerikommune, og dei beste fylkeskommunale skulane for marine og maritime utdanningar.

 

Vår misjon

Gjennom handgripelege tiltak og prosjekt skal Blått kompetansesenter vest styrke samarbeidet mellom forskingsinstitusjonar, skular og næringsliv. Senteret skal bidra til å redusere terskelen og formelle hindringar som står i vegen for meir praktisk samarbeid mellom aktørar og profesjonar.

I Blått kompetansesenter vest vil ein møte forskarar, lærarar, kurshaldarar, elevar og studentar, nyslåtte gründerar og etablerte næringsaktørar. Det å jobbe i lag skal bli saumlaust og sytalaust.

Blått kompetansesenter vest skal bidra til berekraftig ressursforvalting, redusere klima- og miljøavtrykk, skape vekst i havbruket, styrke framtidsretta næringar og til å skape framtidas arbeidsplassar. For å nå nasjonale og internasjonale målsettingar, må ein også jobbe lokalt og regionalt. I Blått kompetansesenter vest skjer samarbeidet og kunnskapsutvekslinga på kai- og merdkanten. Også her skal det geniale skapast, også her kan verdsproblem løysast.

Aktørane