Austevoll Næringsråd

Austevoll Næringsråd er næringsforeininga i Austevoll og sameiner eit hundretals bedrifter innanfor ulike bransjar. Næringsrådet representerer ei lang rekke bedrifter som direkte eller indirekte har verksemd innanfor dei marine og maritime næringane.

Blant formåla til næringsrådet er å utvikle næringslivet vidare, knyte band mellom næringsaktørar, styresmakter og utdannings- og forskingsaktørane i kommunen. Næringsrådet skal også bidra til å forsterke kompetansen i Austevoll og sikre fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen, både i privat og offentleg sektor.

Austevoll Næringsråd var prosjekteigar for forprosjektet til Blått kompetansesenter vest og eig 50 prosent av Blått kompetansesenter vest. Næringsrådets styreleiar Hege Lauvik er styremedlem i Blått kompetansesenter vest.

Austevoll Næringsråd - Facebookside

10295782_1255422544485452_8455683753937523032_n.jpg

← Om oss og den blå klynga
Forrige
Forrige

Havforskingsinstituttet

Neste
Neste

Vestland fylkeskommune