Vestland fylkeskommune såg dagens lys 1. januar 2020 og er eit resultat av samanslåinga av gamle Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Vestland fylke er heimstad for verdsleiande forsking- og utdanningsinstitusjonar og eit stort tal marine og maritime næringsaktørar. Med over 630.000 innbyggjarar er Vestland landets tredje største fylke i folketal, med Bergen som fylkeshovudstad.
Fiskarfagskulen i Austevoll blei etablert i 1978, som ein kombinert fagskule og vidaregåande skule, samlokalisert med havbruksstasjonen. I 2013 blei fiskarfagskulen delt i Austevoll vidaregåande skule og Austevoll maritime fagskule (seinare ei avdeling i Fagskulane i Hordaland).
Austevoll vidaregåande skule tilbyr opplæring
i VG1 naturbruk, VG2 akvakultur, VG2 fisk og fangs, VG1 teknikk og industriell produksjon (TIP), VG2 maritime fag, VG1 helse- og oppvekstfag, og VG1 studiespesialisering. Skulen har blant anna eigne opplæringsfartøy og opplæringskonsesjon for oppdrett. Fagskulen i Hordaland tilbyr to-årig utdanning til dekksoffiser med høgaste sertifikat (D1).
Rektor Vivian Bjånesø Horgen ved Austevoll vidaregåande skule er styreleiar i Blått kompetansesenter vest.
Foto: Anbjørn Holme/Hordaland fylkeskommune