Havbris’n - ein blå kompetanselunsj under One Ocean Week 2025
For andre år på rad inviterte vi til arbeidslunsj under One Ocean Week
Midtvegs i havveka inviterte vi i Blått kompetansesenter vest til boblar og bakt potet på Biblioteket Bar. Vi ville samle aktørar innan blå næring og be om innspel til framtidige kompetansebehov i næringa, og i tillegg gjerne eksisterande behov som ikkje har tilbod i marknaden
Ei lita gruppe, men mykje gode innspel
Dialogen var god, og vi valde å diskutere dagens tema i ei samla gruppe, og ikkje delt inn i fleire.
Gjekk du glipp av Havbris’n?
Det er framleis mogleg å kome med innspel. Vi er glad for alle innspel som gjeld framtidig og eksisterande udekka kompetansebehov. Dette kan hjelpe oss vidare i arbeidet med kompetanseutvikling og rekruttering til blå næring. Send innspel til kontakt@bksvest.no