Ny direktør for Havforskingsinstituttet

Nils Gunnar Kvamstø blir ny direktør for Havforskningsinstituttet.

– Havforskingsinstituttet er ein sentral bidragsytar i arbeidet med å sikre ei god og framtidsretta forvalting av hava og kystområda våre. Med Nils Gunnar Kvamstø får vi ein havforskingsdirektør som vil bidra til å utvikle instituttet vidare, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Kvamstø kjem frå stillinga som professor og marin dekan ved Universitetet i Bergen. I perioden frå 2001 til 2019 var han instituttleiar ved Geofysisk institutt ved universitet.

Nils Gunnar Kvamstø overtar etter stillinga etter Sissel Rogne. Rogne har vore direktør dei siste seks åra og blant anna vore ein tydeleg støttespelar for Blått kompetansesenter vest.

Forrige
Forrige

Ledig stilling som dagleg leiar

Neste
Neste

Rekordmange elevar ved Austevoll vidaregåande skule