Rekordmange elevar ved Austevoll vidaregåande skule

Leiargruppa ved Austevoll vidaregåande skule er spennklar for nytt skuleår. (F.v.) Nils Ove Sørvik, avdelingsleiar for maritime fag og helse og oppvekst, Vivian Bjånesø Horgen, rektor, Håvard Magnus Njåstad, assisterande rektor og avdelingsleiar for naturbruk.

Leiargruppa ved Austevoll vidaregåande skule er spennklar for nytt skuleår. (F.v.) Nils Ove Sørvik, avdelingsleiar for maritime fag og helse og oppvekst, Vivian Bjånesø Horgen, rektor, Håvard Magnus Njåstad, assisterande rektor og avdelingsleiar for naturbruk.

Måndag byrjar rundt 200 elevar på nytt skuleår ved Austevoll vidaregåande skule. Det er 30 prosent fleire enn i fjor og det høgaste elevtalet nokon gong.

– Alle tilsette på skulen jobbar hardt for at Austevoll vidaregåande skal vere ein skikkeleg god skule. Derfor er det utruleg kjekt at så mange har lyst å vere elev hos oss, seier rektor Vivian Bjånesø Horgen.

Når skuleåret byrjar på måndag er Austevoll vidaregåande skule større enn nokon gong. Det er oppretta tre nye klassar og elevtalet aukar til om lag 200 elevar. På VG1 naturbruk er det til saman fire klassar, men likevel står det elevar på venteliste.

– Me har eit par ledige plassar på helse og oppvekst, men alle dei andre klassane er fulle og med venteliste. På naturbruk er det 25 elevar som ikkje har fått plass trass i at me har éin ny klasse, seier Vivian Bjånesø Horgen.

Auka i elevtalet og nye klassar har kravd ekstra mykje planlegging. Blant anna har det i løpet av sommaren måtte rekrutterast seks nye tilsette.

– Nytt skuleår krev alltid ein del førebuingar. I år har det sjølvsagt vore litt ekstra, men no er alt på plass og me er spennklare til å ta imot elevane på måndag.

Austevoll vidaregåande skule har eit mangfald av opplæringsutstyr. Knapt nokon annan skule kan skimte med både fiskebåt og sjark, naust, høgspentlab, simulatorar og opplæringskonsesjon for oppdrett. No utvidar skulen med endå eit nytt «klasserom».

– Me har nettopp fått opp ein akvahall der ein kan drive med forsking og oppdrett i liten skala. Elevane som byrjar no skal også få vere med å innreie akvahallen i løpet av året og hallen og utstyret der gjer at me kan gi endå betre opplæring, seier rektoren.

Her kan du lese meir om undervisningstilbodet ved Austevoll vidaregåande skule.

Forrige
Forrige

Ny direktør for Havforskingsinstituttet

Neste
Neste

HI: - Vi trenger en forvaltningsdugnad for kysten